Fødselshistorien

Tenkte eg måtte skrive den før eg gløymer den:P "Dette er din naturlige måten å føde på". Å bli i gangsett er altså min naturlige måte å føde på;)

Det heile begynte torsdag 17.02. Eg stod på kjøkkenet om kvelden, då det plutselig vart vått nedover beina mine og eg følte sjølv at det berre sa splasj ned på golvet. Eg sa det til Sondre, men fordi eg var i sjokk så tørket eg det opp og gjekk å la meg. Sondre sa at eg burde ringe mamma og eg ringte henne fordi han skulle vere stille:p Ho sa at eg MÅTTE ringe på føda sida det heilt sikkert var vatnet mitt så hadde gått! Eg ringte ut og dama i telefonen virka ikkje veldig imøtekommande. Virka ut som om at eg hadde ringt henne og vekt henne.. Ho var virkelig ikkje noke du vil møte på når du er i sjokk og trur vatnet ditt har gått. Kjendte at eg følte meg meir som eitt bry enn som om at det faktisk skulle vere ei glede å få komme ut på føda. MEN ho ville ha oss ut uansett. Vi drog ut og eg vart undersøkt. Skulle vise seg at det vart mange undersøkingar (nedentil) denne helga her.. Ingen opning, ho var usikker på om det var vatnet som hadde gått. Så ho hadde lyst å legge oss inn, men eg ville heller heim til mamma og pappa. Noko som vi fikk lov til. Eg hadde ingen tegn til fødselen og fikk derfor sovet heile natta.


Siste bilde som vart tatt i heimen ( torsdag 17.02.2011)

Fredag 18.02, Vi stod opp og for tilbake til sjukehuset til timen vi hadde i 10/11 tida. Når vi satt der å venta å venta å venta, så fikk vi sjå mykje på bilda som henger på veggen der. Utrulig fine bilde om eg får sei det sjølv. Eg kom inn på sjukehuset med ei innstilling om at eg kom til å bli sendt heim. Grunnen til det var fordi eg ikkje kjendte noken rier,NOTHING!  Vi venta og venta og når vi endelig fikk kome inn til undersøkelsesromet som denne dagen vart sjøvle fødestova. Grunnen til det var at der var ei kvinne som var vel ca 29 veker på vei inne på undersøkelsesromet. JA, så over til meg igjen. Jordmora var ein gammal kjenning, var den jordmora eg hadde då Charlotte vart født. Det vart då ein ny undersøkelse som bland anna gjekk ut på å ta ei prøve av fostervatnet for å sjå om det var det som kunne ha godt. Den testen viste negativ, så ho forklarte oss at det kunne ha våre vatne som ligger høgre oppe eller ett eller anna sant. Eg spurte om vi kunne få ein ultralyd sidan det ikkje var noko fostervatnen igjen med Charlotte. Det fikk vi og den vart gjort av ein dansk lege som kunne fortelle oss at der ikkje var nok fostervaten igjenn ti at svangerskapet kunne fortsette. Han fortalte oss også at bebien vår var veldig liten og var derfor nødt til å avslutte svangerskapet.  Når han sa det så kjende eg ein sikkelig klump i halsen, kjende at det var tett før eg måtte hylgrine for å sei Avslutte svangerskapet virka for meg der å då som om at vi ikkje skulle føde eitt levande barn.. MEN det var heldigvis ikkje tilfellet for oss då! Så eg vart då innlagt på sjukehuset, Sondre for heim for å hente baggen og litt andre godiser. Eg ringte mamma og ba henne om å kome ut med ein einaste gang! 


Svakerier og hjelper mamma med å strikke på babyteppet :))


Mamma og Sondre kom tilbake slik at dei var der HEILE tida med meg. Eg fikk fyrste modningskuren ( for dere som ikkje veit kva det er så er det ein pille som skal opp i sjeden/vaginanen/musa/høna (YOU name it!) for at livmortappen skal modnast og ein kan begynne å få opning i livmora) klokka 13.00, denne skulle då ligge og virke i 6 timar før eg kunne få ein ny kur. Mamma hadde med seg strikkesaker og skulle då strikke eitt rosa teppe til den lille prinsessa. Strikking av teppe og kampen om å få rier utvikla seg til eitt lite veddemål. Kven skulle bli ferdig fyrst? Mamma med strikkinga eller eg med fødselen? Riene kom og dei var ikkje så drepane vonde, einaste eg ville var å få sterke og låke rier. MEN neida.. ingen cm på meg.. Når klokka var 18/19 om kvelden så fikk eg enda ein ny modningskur. Livmortappen var begynt å krympe og det var håp! Vi fikk rier, vi stikka, vi åt, vi prata osv! Fleire vaktskifte fikk vi oppleve. i 21/22 tida om kvelden fikk eg ein sovepille, sidan det ikkje var tengn til at fødslen skulle starte i løpet av denne natta. Sondre fikk trilla inn ei seng, mamma for heim for å sove og eg sovna som ein stein!

Laurdag 19.02 klokka var ca 7 om morgenen. Eg hadde nå vokna og begynte å kjenne sterkare rier. Eg ringte på alarmen og der kom ei kjempe kjekke jordmor inn. Eg trente å få varma risposen min, så derfor tok ho den med ut og sa at eg kunne gå å forsyne meg av buffenen som dei har nå fått opp på føda. Eg tok med mat til både meg og Sondre. Fikk litt følelsen av at eg låg på hotel når eg og Sondre låg rett vesiden av kvarnadre og fikk frukost på senga;) Ei ny vakt kom, den vakta skulle vise seg å verte den jordmora som fikk ta i mot prinsessa vår. Ho undersøkte meg og fant ut at vi ikkje trengte å gi fleire modningskurar ( Takk for det! :D ) Ho ville heller sette meg på drypp. Eg ringte mamma og ba henne om å kome ut, slik at ho fikk være med på fødselen. Mamma og Sondre var ei kjempe bra støtte gjennom fødselen! Uten dei to, så veit ikkje eg korleis eg skulle klart meg..

Meda vi venta på at riene skulle ta seg opp så fikk eg inn ein preikestol( trur det heiter det), den hjalp uturlig godt når riene kom kraftigare og kraftigare. Preikestol + rispose = himmelsk! Mamma fant ut at ho kunne knyte risposen fast i meg slik at eg slapp å halde både risposen og gå rundt med preikestolen:p Såg sikkelig teit ut, men steikje effektivt;) Klokka kom til 12.00 og vi kom nå inn på fødestova der eg skulle føde lisje prinsessa vår. ( vi har foresten sida fredag etter undersøkelsen fått eiget rom som heiter forføden) Inne på fødestova vart eg vist til senga, kobla opp til CTG- registring ( vart MANGE CTG- registeringar på sjukehusopphaldet mitt) og dryppen vart kobla på. Styrken på dryppet vart sett på det svakaste som var 15, trur eg hadde ca 3 cm opnig når eg vart sett på drypp. Det var no det  vart artig, for no kom dei kraftigaste riene, raraste/låkaste lydane av meg. Mamma og Sondre bytta på å springe bort til vasken for å bløyte klutane som dei la i nakken, handledda mine og haude mitt. Veldig deilig med slike klutar når du har store smerter altso! Janita tok turen opp i hal 2 tida om dagen for å sjekke om det var noke til fres på denne fødselen. Akkurat når ho kom så fikk eg ei kjempe vond rie og ho vart vitne til sutringa mi;) i dei tidene kom også jordmora inn for å sjekke meg og Janita og mamma gjekk derfor ut. Då hadde eg 6 cm opning, meinar på at det var i 2 tida eg hadde 6 cm opning. Janita gjekk tilbake til kokke jobben sin og mamma kom tilbake til fødestova. Eg fikk nå heile tida ei trang til å gå på do. Eg fikk ei sikkelig krafitg og vond rie som gjorde at jordmora sa: "ej trur ej vil ha dej opp i senga ej no." På den ria so lagde eg ein typisk presse ut babyen lyd. Opp i senga det bar og pressriene begynte. På dette tidspunkte så hadde eg det heilt for jævlig! Klokka nærma seg hal 3 og eg ser eitt kjendt ansikt som komer tilsyne i døropninga. Det er vaktskifte, men jordmora mi får være der å ta i mot prinsessa. klokka 14.33 har eg siste pressrie og Chanell er ute.

risposefesting (Ps. preikestol er den tingen vesiden av meg)



Smerter ja <3 Flinke Sondre som støtter meg gjennom smertene<3


Eitt bilde seier meir enn 1000 ord <3

Chanell:
19.02.2011
Klokka :14.33
Vekt : 3000gr
Cm: 49 cm
Haudeomkrets: 34 cm

Om eg får sei det sjølv så var det IKKJE riene som var vonde, det som var lokt dinne gongen var å presse ut. Fytti flate kor lokt det var! Hadde Sondre på venstre sida og mamma på høgresida og dei holdt meg i kvar si hand. Eg prøvde å røyse ræva mi opp i frå senga fordi det var so himla lokt. Men huska eg fikk beskjed om å presse ræva mi ned av jordmora:p Fytti flate kor eg brølte og hylte! Huska han Sondre sa at han ikkje kunne huske at eg brølte san når eg pressa ut Charlotte, og det stemme fordi då brøte eg ikkje litt ein gong. Men denne gong må heile volda ha hørt meg:P  Der har dere fødselshistora til Chanell, mykje tekst og lite bilde :) ( kan ikkje legge ut alle fødselsbilda, derfor får dere sjå nokre av dei berre:)) No er eg ei lykkelig tobarnsmor som elsker dei 2 perfekte døtrene mine <3 barselhistora kjem kanskje seinare.

 

<3 Føde gjerne igjen om nokre år <3

4 kommentarer

Janita S

07.mar.2011 kl.14:04

åh, rørande å lese <3 levde mej heilt inni det, nesten som å vere tilbake på føda :) bra alt gikk so bra! ..og låkt å føde - det e det! ;)
fin fødsel historie=)

Stina

07.mar.2011 kl.19:39

Koslig å lese!

Jeg syns da ikke hun var såå veldig liten? selv om legen sa det..

Håper formen er bra for dere begge :)
Janita S: ja, en blir veldig rørt av å lese sane historie:)

Skriv en ny kommentar

Mamma til 2 prinsesser før eg rakk å bli 20 år :)

Mamma til 2 prinsesser før eg rakk å bli 20 år :)

20, Volda

Navnet eg fikk er Victoria Som 17åring vart eg mamma til lille nydelige Charlotte og som 19åring vart eg gift og mamma til lille nydelige Chanell. Elsker akkurat mitt liv og kunne IKKJE tenkt meg å leve noken andre sitt liv!:) (negative komentar når ikkje fram på bloggen ein gong, tek berre posetive komentara imot ja! :)

Kategorier

Arkiv

hits